Årsmøte 1. desember 2012

Valderøy Indremisjonsforeining

Leiar for foreininga, Vidar Skjong, ynskte velkomen til ein om lag fullsett ungdomssal. Vi song "Navnet Jesus" før Robert Uggedal heldt ei andakt. Robert helsa årsmøtet med Salme 73, 23-24. "Du (Gud) leiar meg ved ditt råd" seier salmisten (vers 24). Robert viste til eit par døme på kva dette å bli leia av Gud kan innebere. I Mark 6, 45 der Jesus metter 5000 og læresveinane var "høgt oppe" for derpå å bli sendt i båt ut i uver før Jesus kom til dei, gåande på vatnet. Også i 2.Mos 13 ser vi noko om Guds leiing der han fører sitt folk ut av Egypt og kor israelsfolket med egyptarane i hælane vart bedne om å "stå og sjå Herrens frelse" (14,13). Gud leiar ved sitt råd. 

Etter andakta og songen "Du som bryter lenker", var det klart for årsmøtesaker. Vidar las årsmeldinga frå styret til årsmøtet, og Harry gjekk gjennom rekneskapen. Årmelding og rekneskap vart godkjent. 

Neste post var val av nye styremedlemar. Etter valet ser det nye styret slik ut : 

Vidar Skjong, Karen Randi Sæther, Harry Valderhaug (nyvald), Turid S. Bakken, Ståle Valderhaug (nyvald), Annlaug Walderhaug (nyvald) og Hans Louis Valderhaug. Vararepresentantar til styret er Bente Dyb og Gunn Sissel Mulelid. 
Husnemnda: Her vart Halvard Dyb vald inn som ny medlem etter Peder Otterdal som har vore med i mange år.

Vidar takka dei som er med i styre og arbeidet, dei nyvalde og dei som no gjeng ut.

Årsmelding frå Valderøy og Skjong søndagsskule, ført i pennen av Arnvid Lervik, vart lest opp. Her fekk vi høyre om eit såarbeid blant barn på øya gjennom mange, mange år og om Guds ord som ikkje vender tomt tilbake. Vi fekk helsing frå Joh. 1, 29 og 37 - orda om å "sjå der Guds Lam" og om disiplane som høyrde Guds ord og fulgte Jesus. Kollekt til søndagsskulearbeidet vart samla inn. 

No var det pause med mat og prat før vi samla oss igjen til m.a ein fin filmsnutt frå 1978 då huset var "i støypeskeia" og vart bygd, vidare ein bildeserie frå årets oppussing av storesalen. Eit flott innslag og takk til film- og bilderegi ved Roy M. Oppussingsprosjektet vart gjennomgått av Hans Louis, som er ansvarleg koordinator frå styret, i samarbeid med prosjektkomité v/Jarl Olav S., Laila J. V, Ørjan W. og Heidi V. Status for både framdrift, økonomi og løysingar vart lagt fram og ein "ny" storesal er snart klar til bruk igjen etter nokre månader med både oppmuntrande og samlande dugnadsinnsats og givarglede. Hans Louis takka komitèen for flott arbeid med eit godt resultat, samt alle andre som har stått på og støtta oppussinga med dugnadsarbeid og økonomisk støtte . 

I siste del av årsmøtet var det samtale om arbeidet. Mellom anna var det ønske om å få til ei ordning for leige av huset til åremålsdager for medlemar. Årsmøtet ba styret (gjerne ved ein komitè) om å utgreie og legge fram eit forslag til ei praktisk og handterbar løysing for utleige blant medlemane i foreininga når huset er ledig.

 
Avslutningsvis helsa Kjartan Skjong årmøtet med tankar rundt oppgåva Hur fekk i 2.Mos 17; det er mange oppgåver i Guds rikes arbeid, og slik som Hur fekk vere med å støtte opp Moses sine hender og slik vere eit redskap til seier, slik kan vi på ulikt vis vere med i Guds rikes arbeid i forsamlinga for folk på øya vår - til støtte, seier og frelse for menneske!

Til slutt las årsmøteskrivaren Jan Ivar Stokseth opp møtereferatet for årsmøtet.
 

Harry Valderhaug

  • Ansvarlig for denne sidenRoy Mulelid
  • Publisert