årets Sangkveld & Kveldser 2015

Velkomne til det årvisse Sangkveld & kveldser - arr i Valderøy bedehus. Her blir det konsert med Reggie og Ladye L Smith får USA - eit sangektepar elller ektesangpar som har sang som sitt daglege virke og formidler evangeliet gjennom nydeleg sang og musikk. Gratis inngang og kollekt. Kveldsbuffè blir det også, etter konserten.

Søndag 30.august er det igjen dags for «Sangkveld & kveldser» i Valderøy bedehus. Dette er eit arrangement med både konsert, mat og prat og har vore ein årviss hending på Valderøya dei siste åra.

«Vi synest det er flott å få vere med lage til eit slikt «bygdatreff» på bedehuset og håper at årets samling også skal bli ein god kveld» seier Harry Valderhaug på vegne av lokalkomitèen som arrangerer dette.

Gjestane som kjem og held konsert-delen av arrangementet er ekteparet Reggie og Ladye L. Smith frå fra USA. Til daglig jobber dei som studiosangere og har mykje oppdrag ilag med kjende artister. Dei har elles mange konserter gjennom året i USA og andre land rundt om i verda og har stått på scener både i Carnegie Hall, New York og i Kreml, Moskva og delteke med sang både ilag med Billy Graham, i «Lion of the King» og på Super Bowl. Men dei deltek gjerne også i «mindre» samanhenger og det er viktig for dei. Som dei sjølv seier det : »Det er ikkje størrelse på konsertlokaler eller antall mennesker som gjer at vi reiser, men eit kall til å forkynne evangeliet til alle mennesker».

Det har vore god respons på dette bygdatreffet på bedehuset kvar gong vi har hatt det og komitèen er inspirert av både dette og det å få lage til noko for øyafolket vårt, samt det at så mange er positive til å vere med og hjelpe med mat og anna til denne samlinga. No gler dei seg til å ønske velkomen til årets «Sangkveld & kveldser» på søndag kl 18.00.

Og sjølv om det koster ein del å få sangere til konserten, satser dei på gratis inngang og ein god skjerv i kollekt. «Vi gjer det slik for at alle som vil skal få vere med og høyre, og håper at alle kjenner seg både velkomne og satt pris på», seier Harry Valderhaug. «Dette kan nok bli ein touch av «himmelsk», men vi matcher ikkje himmelen med plass til alle: Her er det fullt hus på ca 500 så dei som kjem litt før «5 over» håper vi skal få seg både ein god plass og ein flott kveld.»

 

Valderøya, den 18.aug 2015