Arbeidet går stadig framover i hovudsalen

Foto: Vidar Skjong
01.09.2012
Laurdag 1. september var ein flott gjeng samla til dugnad i hovudsalen. Stemninga var god og alle hadde stilt opp med masse arbeidslyst, allereie frå klokka ti på formiddagen. Arbeidet var i hovudsak retta mot måling av murveggane.
Klokka halv to vart det diska opp med velsmakande middag. Etter ei god pause med mat stilte gjengen opp med meir arbeid og fortsette fram til klokka var om lag fire.
Måndag 3 september vil dugnaden halde fram frå klokka ti og utover dagen. Det vert og dugnad kvar dag denne veka, med start klokka ti (evt før). Laurdag 8. september startar vi også klokka ti og held fram til om lag i fire- fem-tida.
Laurdag vert det servert middag rundt klokka ett (1300- 1330?).
Ref. Vidar Skjong






