Den tradisjonsrike julefesten på 2.juledag vart også i år noko av. Harry ønskte velkomen og las helsing frå Gunhild og Nate Bremer i Addis Abeba, Etiopia, og ei gåve vart samla inn til dei.
Jostein Mulelid var talar for kvelden. Vi fekk i tillegg servert nydeleg solosong av både Mathilde Reinlund og hennar farfar, Lars Reinlund - begge assistert av pianist for kvelden, Ole Reinlund. Mathilde song "Nordnorsk Julesalme" og Lars fortalde historia bak "O helga natt" og song denne og ein til. Vi fekk også høyre nydeleg solosong frå Hanne Eline E Heggheim - "Maria, did you know" og "Mitt hjerte alltid vanker" vart framførde nydeleg fint. Alf G. Sleveland spelte trompet til allsongen.
Etterpå vart det tid for mykje god mat og prat og "gang-på-gang" rundt juletreet.