1. mai-samlinga - 2012

Første del av samlinga gjekk føre seg inne i storsalen.
Søndagsskulekoret innleia med god song før Victor Haram heldt andakt : Han utfordra med spørsmåla: Fortel vi som er kristne vidare til dei vi møter kvifor vi er kristen? Kva betyr trua for deg og meg, og kva formidlar vi vidare?
I Joh 14,12 ff les vi frå Jesu avskjedstale med disiplane sine, der han mellom anna seier at
"Den som tror på meg, han skal også gjøre de gjerninger jeg gjør; og han skal gjøre større enn disse;.."
Kanskje vi kan starte dagen vår med spørsmål rundt kva vi kan gjere i teneste for Jesus idag .
Etterpå samla vi inn litt kollekt før vi gjekk utandørs og samla oss på vestsida under både sol og lettskya vèr med grilling, leik, drikke, mat og prat.
Ei variert og god samling med god aldersspreiing frå babyar, born og ungdommer til dei eldste godt oppi 80-års alderen.
(Referent / foto - Harry V)





