1. mai-fest 2014 og sesongavslutning for YA-junior

Kom på 1. maifesten kl. 16.00. Det blir eit godt møte, god mat etterpå og mot slutten ein frisk auksjon.
NB! Siste samling for YA-junior denne sesongen.
Vi har hatt ryddedugnad på bedehuset og har kasta ein del skrot. I dette høve kom vi over piano, orgel og bordtennisbord som det ikkje har vore spelt på på lenge. Det står også ei sofagruppe i gangen som berre blir forbigått, ikke kvilt i.
Difor held vi auksjon på desse sakene på 1. maifesten.
Piano - Produsent: Brødrene Hals.
Pianoet er gamalt, oppskrapa (patina) og var nystemt ein gong på 70-talet.


Orgel - Produsent: Vestre orgelfabrikk på Haramsøya.
Orgelet er gamalt, litt mindre oppskrapa, og med tre-fase kontakt. 
Sofagruppe i Brunt skinn.
Ser ganske ubrukt ut, men bordplata har nokre merke etter bruk.
Bordtennisbord - Produsent: Kettler.
Bordplata er grei, men mekanismen som får borda til å henge saman er øydelagd. Petter Smart fiksar det kanskje lett.

'
Partytelt - 3 x 9 meter.
Ganske lite brukt, men med ein skjør konstruksjon som ikkje eignar seg til å verne gode kaker medan nordvestkulingen står på.


Jarl Olav Sæther