Barnemøte 19. til 21. september

Det var nokre fine barnemøte frå torsdag til laurdag. Gry Kristin, Marita og Anders heldt andakt på kvart sitt møte. På barnemøtet laurdag heldt Anders Bjørnerem andakt om at Gud sende mat ned til israelsfolket. Han fortalde mellom anna om korleis korianderfrøa måtte samlast inn grytidleg kvar morgon dersom skulle dei få noko å lage brød av. Eg er livets brød, seier Jesus. På bildet får barna prøve å sanke koranderfrø. Det var ei god påminning om korleis Israelsfolket hadde det i si 40-årige ørkenvandring, og korleis vi som kristne må ta oss tid til Jesus i vårt daglege liv.

Harry Valderhaug