Valderøy Indremisjon 125 år
Valderøy Indremisjon er 125 år i år.
I tilknytning til dette, vil vi invitere deg til å dele gode minne frå tida di på bedehuset, eller fortelle om noko du er takknemleg for når du tenker på Valderøy bedehus og fellesskapet her.
Kan vi klare å finne 125 ting å vere takknemlege for?
125 år er lenge, og mykje har skjedd i løpet av denne tida.
Det hadde vore kjekt om vi kunne dele gode minne med kvarandre.
Vi har laga eit enkelt skjema der du kan skrive det du vil dele. Det vi får inn vil vi dele med kvarandre framover hausten.
Dersom du har liggande foto eller film frå bedehuset, så set vi stor pris på om vi kunne fått låne og evt. kopiere dette.
Skjemaet finn du her: 125 ting å vere takknemleg for
Takk for at du vil vere med på dette!!