Om oss

 

Valderøy bedehus er eit kristent fellesskap som driv aktivt kristent arbeid innanfor alle aldersgrupper.

 

Du er hjarteleg velkomen!

 

Bibelundervisning – Vi samlast til undervisning frå Guds ord der vi tek for oss eit tema eller ei av bibelens bøker. Det kan vere ein tilreisande talar eller lokale krefter som held denne undervisninga i form av ein enkel bibeltime, ein serie bibeltimar eller ei bibelhelg.

Brødsbryting – Vi har brødsbryting på bedehuset ca. ein gong pr månad – oftast på søndagar.

Bønemøter – Dei laurdagane det ikkje er sett opp talar samlast vi til bønemøte på bedehuset kl 1930.

Møteveker – Ved møteveker er det gjerne tilreisande evangelistar som deltek med tale og song frå Guds ord.

Storsamling /Familiesamlingar – På desse samlingane samlast vi i alle aldersgrupper, og både små og store kan delta med innslag. Desse samlingane startar vanlegvis kl 11 eller 17.

Søndagsskule – Har regelmessige samlingar enten på bedehuset eller Skjong barneskule.

 60+ - Første tirsdag kvar månad er det samlingar i bedehuskjellaren. Her er både sang, historier, kåseri, andakt m.m.

Grautatreff - Ein del laurdagar mellom kl 13 og 1430 vert det servert graut i bedehuskjellaren. Her får du god servering i gode lokaler. Her kan du få ein god prat over eit godt måltid. Du er velkomen.

Sjekk kalendaren for å finne datoar.

Grautatreff i bedehuskjellaren
Grautatreff i bedehuskjellaren

Valderøy Indremisjon – litt historie

I 1884 skipa lærar Karl Gidske eit fråhaldslag på Valderøya. Dette laget hadde ei tosidig oppgåve: 1. Å drive oppbyggingsarbeid. 2. Å arbeide mot drikkeskikkane og for totalt fråhald. Møte i fråhaldslaget var oppbyggingsmøte på same tid som dei aktivt arbeidde for fråhaldssaka. Ofte vart møta avslutta med bønestund. Desse møta og andre oppbyggingsmøte vart haldne i skulehuset som var lite teneleg til slike møter, og som ofte var opptekne til andre ting.

Tanken om bedehus vaks fram hos dei truande, og den 22. januar 1898 kom nokre menn saman hos lærar Gidske der det vart vedteke å setje i gang innsamling og bygge bedehus. Her var det ikkje langt frå vedtak til handling. Allereie til jul same år stod huset ferdig og hadde kosta 2700 kroner. I den eldste møteboka for indremisjonen står det fylgjande: ”savnet av et forsamlingshus har lenge vært følt på av de troende brødre på Valderøya”. Bedehuset har vore påbygd fleire gongar og vore tenleg til bruk i si tid. Etterkvart kom likevel tanken om nytt bedehus. Den 14.desember 1974 vart det gjort vedtak om bygging, og den 10. juni 1979 vart det nye bedehuset teke i bruk.

Indremisjonsforeninga vart skipa året etter det første bedehuset vart bygd, altså i 1899. Første formann var Karl Gidske. Arbeidet i indremisjonen har gått jamnt og godt. Ein har opplevd rike vekkingstider. Nokre av julefestane var reine vekkingsfestar – då så og seie heile øya samla seg på bedehuset. Det var store vekkingar frå 1914 og framover til 1958, men også i seinare tid har nye blitt lagt til flokken.

Ungdomsforeninga er ei av dei eldste IUF på Sunnmøre. Den starta som ”ynglingsforening”, men vart meldt inn i Indremisjon i 1915. Det har vore, og er ei aktiv forening med mellom anna møter og anna verksemd. Ei av greinene i IUF var musikklaget som vart skipa i 1923 og har vore aktivt opp til seinare tid.

Her har også vore kvinnemusikklag og yngres musikklag, vidare har det også vore songkor som høyrde til på bedehuset.

Kvinneforeninga vart starta i 1938 som jenteforening, men er no kvinneforening. Dei er ei god støtte for indremisjon og bedehuset.