November 2012

Gunnhild & Nate

HERREN din Gud er hos deg, ein helt som frelser. Han gler og frydar seg over deg, viser deg atter kjærleik, han jublar over deg med fryd som på ein høgtidsdag.” (Sef 3,17) Desse orda møtte oss i det nye huset vårt. Dei var malt på soverommet av den forrige leigetakaren, og vi tok dei til oss som ei helsing til oss når vi no byrjar ei ny treårsperiode i Etiopia.

Vi har no vore ei veke i Addis; vi nyt sola, gler oss over gjensyn med kollegaer og vener, og har ete mykje god etiopisk mat. Då vi kom hit forrige onsdag flytta vi rett inn i ”eige” hus. Naboane på tomta kategoriserte første natta vår der som camping – for einaste møbel var madrassa vår. Men no har vi fått innreia litt meir, samt kjøpt komfyr og fått kjøleskap, så litt etter litt kjem vi i orden. Det vi er mest fornøgd med der vi bur er hagen som har eit stort akasietre, eit sedertre, palmar, og mykje grøne vekstar og blomar. Vi har planar om å lage ein liten kjøkkenhage og nyt å ha eit grøntområde midt i byen.

På fredag reiser vi på ein ekskursjon sør i landet der vi skal besøke kollegaer og deira omsetjingsprosjekt. For å gjere bilen klar til den to dagar lange køyreturen, måtte den ha nytt batteri, gå gjennom den årlege inspeksjonen, fiksa ulike problem med hjula, og skifta olje. Nate har brukt mesteparten av denne veka til det. Turen vår går først til Gisma, som ligg ved grensa til Kenya, der vi får oververe barnedåpen til Aleksander, sonen til våre norsk-svenske vener og kollegaer Karsan og Fredrik. Han skal døypast i den lokale kyrkja dei samarbeider med. Vi blir nokre dagar hos dei og får observere omsetjingsprosjektet deira, som er heilt i startgropa. Vidare reiser vi til Arba Minch der vi skal besøke eit prosjekt som har pågått i ca 3 år. Dei har allereie omsett Lukasevangeliet, samt førebudd ein lettlest panoramabibel, noko liknande ein barnebibel for vaksne. Vi gler oss til å få lære meir om omsetjingsarbeid i praksis, etter at vi har lært om det meir i teorien i Canada.

Vi set pris på forbøn for tryggleik for oss, andre bilar og mjuke trafikantar når vi køyrer sørover. Be også om at studieturen må bli til inspirasjon og til lærdom slik at vi kan dra nytte av desse erfaringane når vi no skal byrje eige omsetjingsarbeid.

Gunnhild og Nate