Tiande år med julemesse på Valderøy bedehus - 2018

Arrangementskomiteen for julemessa 2018
Arrangementskomiteen for julemessa 2018

Så var årets julemesse over for 2018, på denne dag den 10. november, og to av komiteen sine tutter har slengt seg i kvar sin sofa med føtene høgt. Interessa var stor

 

Det er hektisk i tida før messa og få kabalane til å gå opp med organiseringa og alt som høyrer med.  

 

Dørene opna i år, som dei ni åra i forveien kl 1100 Tenk! Oss har ti års jubileum i år! Oss fær strebe mot 20! Ordførern vår Harry loste oss gjennom desse fire timane med stil, og sanggjengen fra Lykklighet berører nok dei fleste hjerte som er der!

Takk til Godøy Brass som i år igjen tok turen og gleda oss med fin musikk. Her kjende oss julestemninga kome sigande når oss fekk synge ilag med dei på 
"Deilig er den himmelblå"!Lykklighet stiller trufast opp på messa


Det var stinn brakke med folk, som alltid, og dette er dei fire timane som går fortast i løpet av året.


Takk til alle som deltok og kom og var med oss denne dagen, og takk for støtte til Valderøy Bedehus. Må dokke alle få ei fine førjulstid, ja den er her før oss anar det.Lykklighet


Fortsatt er beina høgt hengande og bakstekjærringane blir nok ikkje å ta på seg forkle denne kvelden, nei det dryg oss til nærmare jul!


Takk for fine minner frå denne messa til alle som deltok og kom og var ilag med oss!

Et barn er født i Betlehem i Betlehem, de fryder seg Jerusalem ..

Difor kan oss glede oss over dette budskapet at blir det jul atter ein gong, så er det på grunn av barnet som vart fødd i Betlehem.

Lisa og Bente