Stjernedryss i adventstid

Synnøve Aanensen.
Synnøve Aanensen.

Snøbygene kom som bestilt på fredagskvelden då Johan Halsne frå IMF Sunnmøre inviterte til Stjernedryss i adventstid.

 

På scena stod Synnøve Aanensen, som starta med å ta oss tilbake til den fyrste julekvelden med songen "Vuggesang i desember". Aanensen fortsette å gje oss vakker julemusikk utover kvelden.

 

Johan Halsne hadde også med seg ein ekstra gjest, Johanne Leinebø. Leinebø, som vaks opp på Nerlandsøya, har vore ute som misjonær i over 20 år i Madagasker. Grunnen til misjonærtilværelsen kom tidleg då ho som liten fekk sjå ein film frå landet. Ho fortalde om vegen fram til Madagasker og delte sterke historier frå misjonærlivet. Eit av dei sterkaste minna og lærdom var i denne setninga frå ein som ikkje kjente Jesus: «slik du er må Jesus vere».

 

Det vart ein varm, hjerteleg og lun kveld på bedehuset, avslutta med kaffe, bakverk og god tid til ein drøs.

 

Victor H.