Stjernedryss i adventstid 2018

Arvid Pettersen, Camilla Amundsen og Ragnhild Pettersen
Arvid Pettersen, Camilla Amundsen og Ragnhild Pettersen

I kveld, 30. november, fekk ein stor flokk oppleve god song og forkynning. Johan Halsne hadde med seg Arvid og Ragnhild Pettersen og Camilla Amundsen. Dei tre framførte flotte songar med eit gripande innhald. Arvid har skrive songane deira, og dei har utgitt fleire cd-plater med mellom anna desse songane.Camilla og Ragnhild

 

Stjernedryss i adventstid har vorte arrangert fire år på rad fleire stadar på Sunnmøre, og Valderøya har hatt gleda av å vere med alle desse åra. Johan Halsne har ved desse arrangementa med seg gjestar. I år var det ekteparet Arvid og Ragnhild Pettersen, som var med som gjestar, saman med Camilla Amundsen. Arvid trakterte pianoet mesterleg, og ga oss ei god musikalsk reise saman med Ragnhild og Camilla.

 

Johan brukar også å ha ein samtale med ein av gjestane han har med seg. I kveld var det Ragnhild Pettersen som var den spesielle gjesten. Temaet for praten var mobbing.

Ragnhild fortalte korleis ho, som misjonærbarn, opplevde det å kome heim til Norge og starte opp igjen i den norske skulen. Dei snakka om kor viktig det er å få ut ting, snakke med nokon om mobbing. Det er også viktig å "sjå" personen som står for mobbinga.Johan Halsne i samtale med dagens gjest: Ragnhild Pettersen

 

Det finst i dag mykje skjult mobbing, mellom anna i sosiale media på internett. Det finst også diverse "appar" på mobilen, som blir nytta til mobbing og baksnakking.

 

Kva gjer vi?

Ragnhild sa at det er viktig å engasjere seg i det borna gjer. Ta det opp med evt skule og prøve å finne rota til problemet. Ho fortalte at i ei klasse, der det vart gjennomført mobilfri undervisning og elevane måtte legge frå seg mobilane i ei kasse før timane starta, vart det eit heilt anna miljø. Trivselen blant elevane vart mykje bedre.

 

Vi har ingen fasit, sa ho, men det er viktig å vere der for borna. Ikkje tru at det ikkje skjer med dine barn. Det er også viktig at den som opplever mobbing finn nokon å snakke med, ein sjelesørgar eller evt andre fagpersonar som psykologar eller liknande.

 

Siste songen dei tre varta opp med, summerte jula sitt innhald i denne setninga:

"En stor glede ble forkynt, fullkomment frelsesverk har du nå begynt."

Johan minte oss til slutt om at det er viktig å sjå kvarandre, slik som Jesus gjer.Camilla Amundsen

 

Roy M.