Songmøte med Vitin og Emilia Lindberg

Vitin
Vitin

Søndag ettermiddag 2. september samla ein stor flokk seg på bedehuset. Vitin, ei gruppe på åtte mann frå Færøyane, og Emilia Lindberg frå Sverige deltok med flott song. Dei hadde tidlegare denne helga vore med på fleire samlingar i Fosnavåg, og denne samlinga var ei avslutning på samlingshelga.

 

Kvelden starta med ein fellessong "Du vår Far, som er i himlen, før Harry Valderhaug ynskte alle varmt velkomen. Så tok Vitin over med sin gode song. Desse karane var her også for 2 år sidan, då vi hadde besøk av Klaksvikkoret. Vi vart servert lovsongar som: "Et hav så stort av nåde", "At Calvary" og "Da Jesus satte sjelen fri" på Færøyisk, men heldigvis kunne vi også sjå teksten framme på veggen.

 

Etterkvart tok Emilia Lindberg over. Ho var på Valderøya for tredje gong. Åge Samulsen sine songar strøymde ut over forsamlinga. Mellom andre: "Se det veller fram en flod". 

Emilia heldt fram med fleire songar, og ein av dei var "Det er kraft, mektig underbart i Guds Lammets blod".

 

 

Torkil, frå Vitin, har skrive ein song som er ein takk for Guds nåde: "Jeg takker deg for dagen". Gripande og tankevekkjande vart songen framført for oss. Johan Halsne sa det slik: "Diamantar og gull har aldri vokse på tre, men dei finst ofte i mørket."

 

Kvelden, som var basert på lovsong, fortsette med Vitin sine songar. "Om nåden her som fant meg" og "In Christ alone". Dei avslutta si ykt med songen dei kalla for "Færdasongen" (flygersongen), som var eit resultat av ei heimreise og kom til etter litt nynning og samsong under flyturen. 

 

I Emilia Lindberg si siste ykt presenterte ho ein av songane ho har omsett til svensk: "Jag holder kvar" (I'm still holding on). "Ingen er så full av nåde" er ein annan av Åge Samuelsen sine songar, som Emilia framførde. 

 

Johan Halsne heldt ein kort appell, der han snakka om lovsong. Han drog fram Job 35.10 "Gud, Han som lar lovsanger lyde i natten". Johan fekk ynskjet sitt innfridd då Emilia avslutta si ykt med "Jag vet en man som kann".

 

Kvelden vart avslutta med eit felles innslag av Emilia, Vitin og Aud Halsne "Vi förstår hans vägar bättre ovan där".

 

Takkar for ein flott kveld med mykje god song.

Roy M.