Oppdatering - Korona - 07.11.2020

Regjeringa la torsdag 5.nov fram nye tiltak for å stoppe spreiinga ov korona-viruset. Sjølv om det  fortsatt er lov å til å samlast, fekk vi anbefaling frå IMF om å avlyse alle planlagde møter frå 9. november til 22. november.
 
Vi er lei oss for situasjonen, men vil bidra i dugnaden som påverkar dei aller fleste i landet vårt. Det blir dermed ikkje møter på bedehuset dei neste to vekene.
 
Styret følgjer med på dei råda som kjem. Vi håpar at vi snart kan samlast igjen.
 
Er det noko vi kan hjelpe med, så ta kontakt med ein av oss i styret. 

 

Styret i  Valderøy Indremisjon