Konsert med The Good Old boys m/Dag Arne Saltnes laurdag 5. september.

The Good Old Boys på Valderøya 5. sept. 2020
The Good Old Boys på Valderøya 5. sept. 2020

Om lag 100 personar hadde funne vegen til bedehuset denne kvelden. Det var Valderøykvartetten som stod for konserten og Rune Tomren ynskte velkomen. Han helste med Salme 133. Herrens namn vere lova!

 

Kvartetten slo an tonen med songen: "Takk Gud jeg er fri fra min byrde av synd", og "Barn du er tilgitt". Helge Johannesen spelte Steelgitar i lag med dei, og det vart difor kvartetten med steel. :)

 

Deretter tok The Good Old Boys over med sin leiar Dag Arne Saltnes. Dei takka for sist og sa dei hadde gleda seg til å

kome tilbake (gruppa var her også i oktober 2019).

Countrygruppa er sett saman av: Dag Arne Saltnes med song og gitar, Helge Johannesen med steelgitar, dobrogitar og vokal, Steinar Nevland med bassgitar, Egil Oseberg med Banjo og vokal,og Jon Hystad med trekkspel.

 

Dei tok oss med i god countrydriv og presenterte songar både på norsk og engelsk. I den første songen deira song dei: "Jeg er frelst, det vil jeg synge ut" - og det er nettopp dette dei ynskjer med songen sin. Spreie glede og vitne om Jesus, slik at fleire får bli kjent med Han.

 

Mange av songane hadde melodiar frå kjende countrystjerner, mellom anna Willy Nelson, Hank Williams, Chet Atkins, og Jim Reeves. Vi fekk også fleire songar frå Aage Samuelsen. Innimellom fekk vi også instrumentale innslag, som viste at dette var karar som kunne traktere sine instrument.

 

Dag Arne Saltnes heldt vitnesbyrd og presenterte songane for oss. Vi vart gjennom song og ord minte om ein Gud som ser etter deg, om ein Gud som ikkje ser på fasaden, om bøna si makt, om ein som tok all vår bekymring på seg, ein Gud som har omsorg, og ein Gud som ikkje går forbi ein einaste ein.

 

Rune Tomren takka for kvelden og ynskte gjestane velkomne tilbake neste år.

Folk koste seg og tok godt imot kveldens ekstranummer frå gruppa.

 

Takk for ein innhaldsrik og flott kveld. 

 

Sissel S.