Kjellartreff for ungdom

Etter ei tid der ungdomsarbeidet ved Valderøy Bedehus meir eller mindre har lagt nede, er det no duka for å starte det oppatt!


Det vert difor starta med kjellartreff annankvar fredag. Målgruppa er ungdom frå 8. klasse og oppover (inga øvre aldersgrense). Vi opnar dørene klokka 2030, og håper på eit allsidig program. Det vil bli andakt, mat, sosialt samvær og anna moro.

 

Første samling vert 30. november 2018. Både yngre og eldre ungdomar er velkomne. 

Om du kunne tenkje deg å hjelpe til i dette arbeidet, så er det alltid behov for små eller store bidrag. Møt gjerne opp, og ta kontakt med oss under samlingane dersom du vil vere med i dette viktige arbeidet.

 

Jan Erik Sæther