Hausten 2020

Vi startar no opp igjen med samlingar på bedehuset, og vi ser med glede og forventning fram til dette.

 

Smittevernråd, som til ei kvar tid er gjeldande, vert fylgde opp av den som arrangerer møtet.

 

Vi ber om at du kjem berre dersom du kjenner deg frisk. Har du luftvegssymptom, eller andre symptom, ber vi om at du held deg heime.

 

Ved inngangen er det sett fram handsprit som alle skal bruke.

Alle må registrere seg i protokoll når dei kjem. Regelen er då at du spritar deg på hendene, skriv deg inn i protokollen og deretter spritar hendene igjen.

 

Sit saman med familien din. Til dei andre i forsamlinga, skal du halde ein meter avstand. Vis også hensyn før og etter samling.

 

Hald avstand og ikkje stå slik at det vert vanskeleg for andre å kome forbi.

 

Vel møtt!

 

Styret