Årsmøte 2021 gjennomført på nett

Årsmøtet vart i år gjennomført på nett. Avstemming vart gjort med innsending av svar i skjemaformat. Det var 41 individuelle stemmer. Kvar innsendar er identifisert ved e-postadresse, namn og telefonnummer. Alle er å rekne som medlemmar. Dei som ikkje har betalt vil få ei venleg påminning om å betale.

 

Alle forslag vart godkjende. Det betyr at Sindre Tomren kjem inn i styret som erstattar for Marita Sølvi Nordgård Giske. Vi takkar Marita for innsatsen ho har gjort, og ønsker Sindre velkomen i styret. Begge er kjende for oss i forsamlinga som ildsjeler uavhengig av styrevervet.

 

Det er også halde konstituerande styremøte. Merethe Valderhaug tek over som kasserar etter Mariann Runde. Det er ingen andre endringar.

 

Vi ser i styret fram mot eit fint 2021 med mange gode samlingar.

 

På vegne av styret: Jarl Olav Sæther