YA - Vi treng hjelparar på YA

Vi treng fleire hjelparar for å kome i gang med Ya  på bedehuset igjen. Kanskje vi klarer å få til fleire arbeidslag, så det ikkje blir så mykje på den enkelte. Vil du vere med å formidle Jesus til barna?

 

Ya er for barn frå 5 år og t.o.m. tredje klasse. Torsdagar frå kl 18 til kl 19. Ser du behov for dette arbeidet, og vil vere med, er det sjølvsagt åpent for nye tankar om korleis arbeidet skal drivast. Det er mange måtar å formidle Jesus til barna, og la barna ha det kjekt saman.

 

Ta gjerne kontakt med Marita Nordgård Giske. Mobil 907 28 626. Hadde vore fint  å få eit Ya-tilbod igjen.