Adventsfesten 2017

Søndag 10 desember kunne Søndagsskulen ønske velkomen til adventssamling. Det var mange som hadde funne vegen til samlinga. Det var ei super samling der vi fekk høyre flotte unge songarar og god musikk. Anders Bjørnerem heldt andakt. I tillegg vart det framført eit flott julespel.

 

Samlinga blei avslutta med songen: Deilig er jorden. Etterpå vart det servering av kaffe, saft og kaker. Ei flott samling der evangeliet vart formidla.

 

Ein stor takk til søndagsskulen. 

 

Mvh Kjartan Skjong

Adventsfesten 2017